Koronaviruset

Informasjon til foreldre om skulekvardagen

For å begrense smitte har vi sett i gang ein rekke tiltak på skulen. Trafikklysa med grøn, gult og raudt nivå viser kva smitteverntiltak som gjeld for skulen ved dei ulike nivåa. Det er smittesituasjonen i Noreg som avgjer nivået skulen skal følgje.

Det er trygt for barn å gå på skulen

Vi skal framleis sørge for at elevane har eit trygt og godt skulemiljø. Alle som arbeider i skulen skal følgje med på at elevane har det bra. I perioden framover vil vi vere ekstra nøye med å sikre godt smittevern. Vi er spesielt opptatt av:

  • Ingen skal møte på skulen eller SFO om dei er sjuke
  • Vask hender før du kjem på skulen
  • God handhygiene og reinhald er viktig på skulen.

Korleis vil skulekvardagne vere?

  • Grønt nivå
    Skulekvardagen vi vere som normalt, men elevar og lærarar må unngå handhelsing og klemming.
  • Gult nivå
    Heile skuleklassar kan vere samla, og alle elevar skal få eit fulltidstilbod på skulen med vanlege skuledagar. Skulegarden kan bli delt opp for å skilje kohortar frå kvarandre. Elevar og lærarar må unngå handhelsing, klemming og store samlingar.
  • Raudt nivå
    Elevane vil bli delt inn i mindre grupper (kohortar/centuriar). Det kan vere nødvendig at vi avgrensar kor mange elevar som kan kome til skulen. Vi kan også be elevane møte opp til ulike tider. Vi må halde god avstand til kvarandre, og elevane vil vere mykje ute, også i vanlege skuletimar.

Skuleskyss

  • Gult nivå
    Elevar som er avhengig av skuleskyss, kan ta buss eller annan transport for å kome seg til og frå skulen. Elevane bør halde avstand til andre,
    men det er ikkje eit krav at elevane held ein meter anstand til dei andre medelevane. Sjølv om dette er eit krav for andre reisande.
  • Raudt nivå
    Om elevane tek skulebuss eller annan transport, må dei hugse å halde god avstand, både medan dei ventar på bussen og i bussen. Elevane bør vurdere om det er mulig å ta annan transport til skulen.

Opplæringsplikt for alle elvar

Alle elevar har krav på opplæring, og skulen skal sikre eit godt opplæringstilbod til alle elevar uavhengig om smittenivået er på grønt, gult eller raudt nivå.

Har du spørsmål – ta kontakt med skulen ☺

Søk om plass i dag!

Eller kontakt oss for gratis og uforpliktande prøveperiode fram til haustferien.