Eg søkjer med dette på skulefritidsordninga ved Hildre Montessoriskule for følgjande barn:
NB! Ordninga er open for barn på 1. - 7. årstrinn
For hausten 2025 gjeld følgjande satsar for 4.-7. trinn: kr 250,- for mat (valfritt) + kr 2 390, - pr mnd pr barn. Kjøp av enkeltdagar: kr 250,-
Ref § 6 i vedtektene er foreldrebetalinga fastsett av styret i Hildre Montessoriskule SA. Den skal innbetalast i 11 månadar pr. år. Første betalingsmånad er august og siste er juni. Ref § 7 i vedtektene er det 2 månaders oppseiingsfrist rekna frå den 1. i kvar månad. Plassen kan ikkje seiast opp seinare enn 1. mars med verknad frå 1. mai. Ved seinare oppseiing må det betalast ut skuleåret. Vi held ope ei veke før skulestart, i haustferien, i vinterferien og ei veke etter sommarferien kl. 08.00 – 16.00.
Redusert foreldrebetaling på 1.-4. trinn: Dersom den totale årlege kostnaden av SFO (basert på kr 2 390,- pr månad) stig over 6% av hushaldinga si årlege inntekt har ein rett på redusert foreldrebetaling. For å søke om dette må ein dokumentere det med å sende inn skattemelding for siste år og ein søknad til skulen.
For å kunne planlegge bemanninga ved vår SFO, er vi avhengig av å kjenne til timebehovet frå kvar enkelt søkjar: (Opningstidene er planlagt slik)
- Måndag: 07.00-8.30 og 14.30-16.15
- Tysdag: 07.00-8.30 og 14.30-16.15
- Onsdag: 07.00-8.30 og 14.30-16.15
- Torsdag: 07.00-8.30 og 14.30-16.15
- Fredag: 07.00-8.30 og 14.30-16.15
Våre barn ønskjer følgande SFO skuleåret 2025/2026: (Gi opp klokkeslett)