Om Montessori
Maria Montessori
Maria vart født i Chiaravalle i Italia i 1870, døde i Noordwijk i Nederland i 1952. Ho var ein av Italias første kvinnelige legar. Seinare småbarnspedagog. Etter å ha observert barn i deira skulemiljø, fant ho tre ting som er spesielt viktige forundervisninga: Miljøet, læraren og fridomen. Ho la vekt på såkalla sensitive periodar, knytt til utviklingsstadiet barna er på, der dei viser spesiell interesse for å lære visse ting.
Seks grunnprisipp
- Det forebudde miljøet
- Fridom og ansvar
- Individualisering - samarbeid
- Arbeid og arbeidssyklus
- Konkretisering - motorikk
- Heilhet - fredstanken
Montessoriskulen har aldersblanda grupper. Vanlegvis er det tre årstrinn i same gruppe. Det er montessoripedagogane som er ansvarlege for å førebu miljøet i dei ulike gruppene. Dette gjeld alt ifrå interiør, til konkretiseringsmateriellet som vert brukt.
Lærarrolla vert noko annleis enn den tradisjonelle. Læraren skal, i staden for å være ein aktiv givar av informasjon, legge tilhøva til rette slik at barnet kan guides til sjølv å finne ut det dei treng.
Maria Montessori sitt hovedbudskap var alltid å vende merksemda mot barnet - å følgje barnet.
Fridom krev også ansvar. Læraren tilpassar graden av fridom ettersom graden av ansvar aukar.
Barna lærar å jobbe både åleine samt i større eller mindre grupper. Samarbeid er viktig for framtidige jobbar ute i det større miljøet(samfunnet).
Maria Montessori var oppteken av at læring og arbeid tek tid. Barnet skal derfor få roa og tid nok til å kunne fordjupe seg i arbeidet sitt. Dette ville Maria sikre gjennom lange arbeidsøkter, som ikkje vert avbrotne av timeskifte eller friminutt. Skulen har derfor ei lang arbeidsøkt før mat og ei økt etter mat og utetid(1 time).
Konkretiseringsmateriellet som vert brukt er også svært nyttig for finmotorikken til barna, noko som igjen påverkar læring over lengre tid. Materiellet skal også ha ein innebygd kontroll, slik barnet slepp å spørje ein vaksen om dei gjer rett eller feil. Glede over å meistre er viktig.
Montessori sin pedagogikk vert også kalla ein aktivitetspedagogikk, der tanken er at kropp og hjerne er ein integrert heilskap. Dette er grunnen til at miljøet er utforma for aktivitet. Montessorimateriellet varierer med barna sin alder, frå at ein trener heile sanseapparatet med materiell, som t.d. å ta på ulike underlag, kjenne ulike lukter, høyre ulike lydar, sortere ulike fargar, til at ein høgare opp i skulen t.d. konkretiserer meir abstrakt matematikk.
Barnet skal lære seg sjølv å kjenne som individ og som ein større gjensidig del av kosmos. Så enkelt og så vanskeleg på ein gong. Maria Montessori var opptatt av toleranse og gjensidig respekt for å oppnå fred. Fred mellom ulike menneske og fred på jord.
Alt har ei særskild hensikt.
Alle har ei særskild oppgåve.
Alle har eit særskild ansvar.
Alle delar høyrer saman og dannar ei heilheit.
Heile verda i fellesskap.
Fred på jord.
- Maria Montessori