Innskriving - nytt skuleår

Publisert 
19
.
11
.
20

Skuleinnskriving

Hildre Montessoriskule ønskjer alle barn, som fyller 6 år i kalenderåret 2021, og som skal starte på 1.trinn hausten 2021, med deira føresette, velkomne til innskriving, onsdag 25. november, klokka 16:30-18:30

Innskriving i skule er ein merkedag i livet, både for barnet og familien.

Sidan vi ikkje veit kor mange vi blir, er det fint om du tek kontakt med Erin Hildre, på telefon 90291342, seinast dagen før, slik at vi kan ta omsyn til smittevern.

Det vil verte besøksdagar også i år, men p.g.a. pandemien, ventar vi med dette ei stund.

Under innskrivingsmøtet vil Lena vise fram klasserommet for barn og føresette, vi fyller ut søknad for skulestart og har ein kort samtale med foreldre og barn. Ei lita overrasking vert det også😊