Vi søker lærarvikarar

Publisert 
1
.
02
.
23

Vil du bidra til å skape gode dagar for barn og unge ved Hildre Montessoriskule?

 

Vi søkjer dyktig og entusiastisk vikarlærarar. Er det deg?

 

HildreMontessoriskule er ein privatskule med mange lærelystne barn og motiverte ogtrivelege tilsette. Vi arbeider for å utvikle læring gjennommontessoripedagogikken og treng difor kompetente, engasjerte og  nytenkjande medarbeidarar som er stolte avfaget sitt og som kvar dag brenn for å legge til rette og å bringe fram detbeste i kvart enkelt barn.

 

Om stillingane

100% vikarstilling som lærar med start snarast

·        Varigheit ut skuleåret 2022/2023 med mogelegheit for forlenging

200% vikarstilling som lærar med start august 2023

·        Varigheit skuleåret 2023/2024 med mogelegheit for forlenging

Grunnskulelærar 1 – 10. trinn


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning av elevar i hht opplæringslova, med utgangspunkt i dei grunnleggande prinsippa     i Montessori-læreplanen
  • Ansvar for å utarbeide undervisningsplanar for elevar
  • Saman med kontaktlærar utarbeide IOP-ar
  • Samarbeide tett med konseptansvarleg som har overordna ansvar for pedagogikken på skulen
  • Samarbeide med dei ulike lærarane og dei pedagogiske medarbeidarane om den daglege undervisninga     og opplæringa til dei aktuelle elevane
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Godkjend undervisningskompetanse for tilsetjing i grunnskulen og/eller formell utdanning
  • Har tilleggsutdanning i montessoripedagogikk (eller evt. er villig til å ta slik utdanning på sikt)
  • Fagleg erfaring innan spesialpedagogikk på barneskulenivå er en fordel
  • Tilstrekkeleg god fagkunnskap til å gjere gode farlege vurderingar og utnytte fagleg kompetanse i organisasjonen
  • Kjennskap til relevante lover og forskrifter innan fagfeltet
  • Gode ikt-eigenskapar


Personlege eigenskapar

  • Du er nytenkande og har høge ambisjonar for elevane og organisasjonen si     læring
  • Du har gode samarbeidsevner, er open, inkluderande, skaper tillit og engasjement
  • Du er målretta, handlekraftig og har gjennomføringsevne
  • Du har god nynorsk skrifteleg og munnleg framstillingsevne
  • Personleg eigenskap vil bli vektlagt


Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande tariff
  • Arbeidstidsordning etter sentralt avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Utfordrande og spennande oppgåver
  • Geografisk område i vekst
  • Mogelegheit til varig tilsetjing ved behov
  • Et skulemiljø med engasjerte kollegaer, føresette og skuleeigarar
  • God oppfølging av konseptansvarleg og rektor

Det krevjast godkjend politiattest for arbeid iskulen.

 

For meir informasjon, sjå heimesida www.hildreskule.no, for spørsmål og søknad ta kontakt med:

Nina Hildre (dagleg leiar) på 95 18 00 66 og e-post: nina.hildre@hildreskule.no

Erin Hildre (konseptansvarleg) på 90 29 13 42 og e-post: erin.hildre@hildreskule.no

 

Søknadsfrist: snarast