Endringar i forhold til juleavslutning og skulerute 2021/22

Publisert 
13
.
12
.
21

På grunn av smittesituasjonen vedtok Ålesund kommune 09.12. at siste skuledag før jul vert fredag  17. desember ved dei offentlege skulane. Vi vel å følgje deira vedtak og gir også våre elevar fri 20. og 21. desember. Dette medføre at dei må gå ein dag lengre til sommaren og at siste skuledag då vert fredag 24. juni. Fredag 17. desember går vi til kl. 13.30.

Juleverkstad på førstkomande tysdag, må dessverre gjennomførast utan føresette til stades. Vi vil også måtte avlyse skulegudstenesta som skulle vere måndag kveld, 20. desember.

SFO vil haldast open for alle elevar på 1. – 4. trinn måndag og tysdag, frå kl. 07.00 – (14.30) 16.15, for dei som måtte trenge dette tilbodet. For å sikre god og riktig bemanning må vi ha tilbakemelding frå dykk om de ønsker at barnet dykkar skal vere saman med oss desse dagane snarast.

Ha ei fortsatt fin førjulstid 😊

Med venleg helsing,

Hildre Montessoriskule SA