Skulekvardagen

Opningstider

1 - 7. trinn måndag til torsdag 8.30 - 14.30 - fredag 8.30 - 13.30

8 - 10. trinn måndag, tysdag, torsdag og fredag 8.30 - 14.30 - onsdag 8.30 - 15.30

Ei montessoriarbeidsøkt varer i tre timar. Her blir det gitt presentasjonar og barna jobbar med nytt eller påbegynt arbeid. Barna et gjerne frukt eller ein matbit under denne arbeidsøkta. Deretter et elevane lunsj inne før dei går over i utetid. Deretter tek siste del av skuledagen til.
Denne måten å organisere arbeidsdagen på gir elevane mogelegheit til djup konsentrasjon og til å fordjupe seg i eit tema over lengre tid utan å bli avbrotne.

Eit montessoriklasserom er annleis enn eit vanleg klasserom. Det pregast av eit yrande liv, men samtidig av ei stor ro. Det er ikkje skulepultar i vanlig forstand. Det er heller ikkje noko kateter og tavle borda er retta mot. Barna arbeider i grupper eller enkeltvis, ved eit bord eller på golvet – avhengig av kva det materiellet dei arbeider med krev. Barna jobbar ofte aldersblanda, og ein ser gjerne at barna hjelper kvarandre med ulike oppgåver.

Barna brukar spesiallaga materiell. Kvart materiell byggjer vidare på arbeid barna har gjort tidlegare. Hensikta med materiellet er å hjelpe barna til konkret å forstå abstrakte omgrep.

For at barna skal lære seg å ta ansvar for ting, samt lære seg å dele med andre og å vente på tur, finst det ikkje mange eksemplar av kvart materiell i klasserommet. Etter bruk skal materiellet settast tilbake på plass i den stand det vart henta.

Det vert ikkje lagt opp til konkurranse eller måling mot andre. Det enkelte barn får den oppfølging det har behov for, utan at dette fører til at andre i klassen vert senka.

Læringa vert ikkje delt opp i spesifikke timar der ein arbeider med fag i 45 eller 60 minutt om gongen. Barnet kan arbeide så lenge det ønsker med eit område. Ved å ikkje dele dagen i skuletimar gir vi barna moglegheit til å konsentrere og fordjupe seg.

Eit montessoriklasserom er inndelt etter fagområde, slik at elevane veit nøyaktig kor dei finn materiell og litteratur. Det ligg nøye vurderingar bak val av plassering, møblering, fargar og bilete på veggane. Alt i klasserommet skal bidra til å inspirere elevane til ro og arbeidsglede. Elevane har medansvar for å halde orden i klasserommet.

(Kilde: Norsk Montessoriforbund)

Søk om plass i dag!

Eller kontakt oss for gratis og uforpliktande prøveperiode.