Velkomen til Hildre Montessoriskule

Hildre Montessoriskule ligg i naturskjønne omgivnadar på kysten av Sunnmøre, rett nord for Ålesund. Her har vi fremma Maria Montessori sin pedagogikk sidan vi starta opp i 2012, og har i skuleåret 2022/2023 55 elevar fordelt på 1.-10. trinn. Vi har fokus på tilpassa miljø til barna sine behov på dei ulike alderstrinna, samt det å lære barna omsorg for miljøet, respekt for kvarandre, tolmod, og kva eit ansvarleg val inneber.

Informasjon om koronavirus

Viktig informasjon om koronaviruset

For å begrense smitte har vi sett i gang ein rekke tiltak på skulen. Det er smittesituasjonen i Norge som avgjer nivået skulen skal følgje. Vi skal framleis sørge for at elevane har eit trygt og godt skulemiljø. Alle som arbeider i skulen skal følgje med på at elevane har det bra.

Eit tilrettelagt miljø for alle

Læring i aldersblanda grupper tilpassa den einskilde eleven

Gratis frukt og lunsj kvar dag

Samt varmlunsj minimum ein dag i veka

Gratis leirskule og andre aktivitetar

Blant anna skidag og utflukter

Leksebevisste lærarar

I ein spennande kvardag med konkretiseringsmateriell

Stor vakstentettleik

Med 18 tilsette på 63 elevar

Gratis prøveperiode

Kontakt oss for gratis og uforpliktande prøveperiode!
12
.
06
 til 
23
.
06
 (
Alle
)

Sommaravslutning

19
.
06
 til 
23
.
06
 (
Alle
)

Aktivitetsdag / idrettsdag

23
.
06
 til 
.
 (
Alle
)

Siste skuledag før sommarferien

Søk om plass i dag!

Eller kontakt oss for gratis og uforpliktande prøveperiode.