Kven er vi

Hildre Montessoriskule er ein privat barne- og ungdomsskule på Hildre, som følgjer læreplanen for montessoriskular. Vi har SFO-tilbod til elevar på 1. – 7. trinn før og etter skuledagen. Fri skyss innanfor kommunen etter gjeldande regelverk. Vi tilbyr også gratis mat/frukt kvar dag samt varmt måltid minst ein gong i veka.

Hildre Montessoriskule ligg i naturskjønne omgivnadar på kysten av Sunnmøre, rett nord for Ålesund. Her har vi fremma Maria Montessori sin pedagogikk, sidan vi starta opp i 2012, med 39 elevar. Skuleåret 2023/2024 har vi 57 elevar, fordelt på 1.-10.trinn. Her har vi fokus på tilpassa miljø til barnet sine behov på dei ulike alderstrinna, samt det å lære barna omsorg for miljøet, respekt for kvarandre, tolmod og kva eit ansvarleg val inneber.

Du kan også lese meir om oss i desse artiklane:

Sjå korleis vi har det

Her finn du oss

Søk om plass i dag!

Eller kontakt oss for gratis og uforpliktande prøveperiode.