KDU-marsjen

Publisert 
22
.
09
.
22

Bli med på KDU-marsjen, du også!
Sett av søndag 25. september på kalenderen!
Så blir med på KDU-marsjen – haustens vakraste eventyr!

Arrangørar: Alvestad og Alvestadreiten Utmarkslag, Brattvåg IL trimgruppa, Norborg IL trimgruppa

Initiativtakar: Brattvåg, Hildre og Søvik kommunedelsutval (KDU)

Føremål: Vi ønskjer på denne måten å markere frivilligheita sitt år og samtidig invitere innbyggjarane i kommunedelen til eit fellesarrangement på tvers av bygdegrensene.

Stad: Remmevegen mellom Alvestad og Gamlem

Dato: 25.09.22 Registrering mellom kl. 14.00 - 16.00 ved Hildre Montessoriskule.

Målgruppe: Alle med tilhøyre i kommunedelen, inkludert Helland, Grytastranda, Søvika, Hildrestranda, Brattvåg og alt i mellom!
Arrangementet passar for alle – gamle som unge – rullestolbrukarar – familiar – og du som liker å gå åleine. Alle er velkomne!

Anna viktig info:
Startstad: Ein kan velje startstad, kor langt ein vil gå og i den retning ein sjølv ønskjer. Alle må innom Hildre Montessoriskule der ein vert registrert og får tilbod om enkel servering. Her vil det også bli høve til å grille enkel grillmat og å delta på ulike aktivitetar, først og fremst for dei yngste.

Parkering: Sjå eige kart over P-plassar.
NB – Ingen må parkere langs Hildrestrandvegen/Hamnsundvegen eller på private vegar/område utan spesielt løyve!

I sekken: Enkel grillmat, sitjeunderlag, evt. anna turutstyr og masse godt humør.

Opplevingar undervegs:
Den vakre Hildrebygda frå «baksida», tørrskodd turveg, flott kulturlandskap, åker, eng og myrlende i haustfargar, trivelege bygdenaboar, eventyrskog, esel, geiter og ikkje minst; God trim!

Bli med da vel!

https://www.facebook.com/events/432166788893523?ref=newsfeed