Ledig-assistentstilling-hausten-2021

Publisert 
14
.
07
.
21

Assistent i skule 60%

 

Vil du bli ein av oss? 😊

Hildre Montessoriskule er ein privat grunnskule frå 1. – 10. trinn, med mange lærelystne barn og motiverte og trivelege tilsette. Skulen ligg sentralt på Hildre og er samlokalisert med Hildre barnehage. Vi kan ha inntil 140 elever og for tida har vi 18 tilsette og60 elevar.  

Vi arbeider for å utvikle læring gjennom montessoripedagogikken og treng difor kompetente, engasjerte og nytenkjande medarbeidarar som er stolte av faget sitt og som kvar dag brenn for tilrettelegging og det å bringe fram det beste i kvart enkelt barn.

Eit tilrettelagt og trygt læringsmiljø, gjensidig respekt og ansvar for omgivnadane, inkludering, arbeidslyst, målretta leik og læring, fridom underansvar.

Dine faglege kvalifikasjonar:

·        Formalkompetanse inn mot grunnskulens område og utdanningretta mot barn og unge (barn- og ungdomsarbeidarfaget).

·        Dyktig i norsk språk, både munnleg og skriftleg.

·        Tek særleg ansvar ovanfor barn med særskilde behov.

Arbeidsoppgåver:

·        Hjelpe elevar som har behov for støtte i undervisninga

·        Leie eller delta i planlegging og gjennomføring av aktivitetar som støtter opp under elevens læring

·        Bidra til eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø

·        Føljer opp enkelt-elev med særskilde behov og barns læremiljø

·        Støtte elevane i leik og samvær med kvarandre

·        Delta på turar, utflukter og arrangement

·        Bidreg til eit godt samarbeid med føresette, som skapar tryggleik og tillit

·        Samarbeider med elevane sine lærarar og andre samarbeidspartnarar

·        Lytte til og dele gode erfaringar, kunnskap og ferdigheiter med dine kollegaer

Dine personlege eigenskapar:

·        Smittande humør som begeistrar barna

·        Initiativrik, strukturert og sjølvstendig

·        Har god formidlingsevne

·        Er ein tydeleg vaksenperson og god rollemodell for elevane

·        Ikkje redd for å ta i eit tak og handterevanskelege situasjonar

·        Likar å arbeide fagleg og sosialt med barn

·        Arbeider godt saman med andre

·        Er fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver

·        Bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø for barna og for vaksne

 

Vi tilbyr

·        Eit godt fag- og arbeidsmiljø, godt samarbeid både i eiga avdeling og tverrfagleg, og vil gi interessante utfordringar og moglegheiter.

·        Tilsetjing frå 1. oktober 2021.

·        Tilsetjing skjer jamfør gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

·        Løn etter sentral Hovudtariffavtale.

. Vikariat med mogelegheit for fast tilsetjing

For meir informasjon og Søknad kontakt;

nina.hildre@hildreskule.no – mobil95180066

Gyldig politiattest krevjast for jobben