Leseveke, med fokus på leseglede 1-3 trinn.

Publisert 
6
.
11
.
20

Måndag jobba vi med leseteater om vinter, samt parlesing om Halloween. Då  la vi vekt på å bruke stemma vår på ulike måtar når vi las og dramatiserte. Mange las bøker på Salaby også. Vi vart inspirerte av å lese mykje så manga laga eigne bøker, både morosame og skumle.

Tysdag var vi delt i små grupper og las nivåtilpassa bøker.  Vi las lesepuslespel også. Kor mange kunne vi lese på ein dag? Leseleksene denne veka inspirerte til skriving og teikning på ein lang papirrull. Vi laga leseslange på slutten av dagen. Den strekte seg gjennombiblioteket, gangen, K4, K3 og beit seg sjølv i halen på biblioteket.

Torsdag las vi bøker og skreiv bokmelding. Vi laga setningar med materiell og skreiv ned. Arbeidet med eigne bøker forsette. Etter friminuttet jobba to og to i lag med faktamateriell og laga eigne faktabøker.

Fredag jobba vi i små grupper med ulike forfattarar som Alf Prøysen, Astrid Lindgren, Thorbjørn Egner, Lisa Aisato og Tor Åge Bringsvær.  Vi lærte om kva ein forfattar er og kva ein illustratør er. Vi laga veggaviser, las i bøker, song og teikna.